lørdag 4. februar 2012

Klart



KLART

ingenting sterkare, klarare
enn å vera til

bryta ut i kvardagen
med mitt liv

kjenna trebordet
mot nakne underarmar

musikken av vind, natt
og ingenting

eg er ein brødetar
vassdrikkar, vedberar

ingenting klarare, sterkare
under stjernene

vekta av ei øks
eg legg til sides

lukta av veden
eg ber inn



Helge Torvund

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar